Fornminne i Åsen

Johan S. Mo (Årbok 1981)
Fornminne i Åsen


Av faste arkeologiske fornminne har ein 3 hovudtypar, nemleg bygdeborger, helleristningar og gravhaugar. Helleristningar er ikkje funne i Åsen. Gravhaugar er det derimot ei mengd av, sjølv om mange nok har komi bort dei siste tiåra. Det er ikkje lenger slik som L. D. Kliiver fortel i boka «Norske Mindesmærker aftegnede paa en reise igjennem en Deel af det Nordenfjeldske» i 1823: «Gjennem hele Aasen (Annexet til Frosten) findes næsten ved hver Gaard, Kæmpehouge af forskjellig slags».


På Digerberget utanfor Aurtua ligg ei av dei mest kjende bygdeborgene i Trøndelag. Dette anlegget skriv seg frå folkevandringstida (400-600). Restar av murane, som må ha vori temmeleg omfattande, er enno svært godt synlege fleire stader på halvøya.


Men desse jordfaste minnesmerka er ikkje alt. Antikvarisk avdeling ved Det kongelige norske videnskabers selskabs museum i Trondheim registrerer og oppbevarer dei funn som er gjort. Storparten av desse tinga skriv seg frå gravhaugar, enten dei no er funne ved systematiske utgravingar, eller meir tilfeldig.


Det er 2 store gravfelt i Åsen, eit på Huseby (59 registrerte haugar), og eit på Straumen (30-40) haugar). På begge desse felta er det gjort ein del undersøkingar, no sist på Straumen i 1979. I tillegg er det gravi ut eit par haugar i Dullum (1944).


Her fylgjer eit oversyn over kva som er registrert av haugar og funn i Åsen. Opplysningane er henta frå Antikvarisk avdeling ved museet i Trondheim.


Ringstad

2 skålforma spenner funne i ein liten haug saman med skinn og ty. Datert til 9. århundre.


Nonstad

Låg rundhaug, diam. 4 m. Ca. 250 m sørvest for husa.


Skjelstad

Skaftholøks frå steinalderen (før 1500 f. Kr.). Funne på Skjelstadaunet.

Melhus

Gravhaug, 8 m vid, 1 m høg, 500 m aust for husa.

Risberg

Liten rund haug med låg veit omkring. 200 m sør for Risbergbakkan på ein terasse.


Hammer

Holslipt flintøks frå yngre steinalder eller bronsealder. Funne 250 m vest for husa på Hammer nordre.


Dullum

3 tydelege, 1 usikker haug, 250 m sørvest for Dullum østre. Tverrmål på haugane: 14 m, 17 m og 13 m. Spydspiss og øks frå 10. århundre funne her.


Husby

59 haugar registrerte på gravfelta, i tillegg 2 på Storsveberget. Den største av Storsveberghaugane med måla 20 x 26 og 3 m høgde. Hovudtyngda av haugane ligg på høgdedraget nord for bygdevegen frå Husby østre og til Lille-Husby. I tillegg 3 haugar langs vegen frå Husby øvre til Husby søndre, og 5 ved elva sør for denne garden. Ei mengde funn både frå eldre og yngre jarnalder: 2 skålforma spenner, fragment av gryte, stykke av saks, ufullstendig spydspiss, kniv blad, nål av bronse, stykke av tveegga sverd, beslag til beisel, økseblad m.m. Frå steinalderen: steinhammar og ei tjukknakka flintøks.


Straumen
32 sikre haugar, 8 usikre (1968). Eit par rundhaugar med diameter ca. 20 m. Ein langhaug 25 x 5. Under utgravingane i 1979 vart det funni ei mannsgrav med øks, sverd og spyd, datert til 700-talet. I ei kvinnegrav fans det 2 brosjer. Mannen var gravlagt i ein 5-6 m lang båt.


Vinan
2 små rundhaugar vest for uthusa. Rundhaug 200 m aust for husa. 5-6 haugar langs ein bergrygg 200-300 m nordaust for hus. (Registrert 1917).


Mossing
Den største gravhaugen i Åsen ligg på grensa mellom Svehaugen og Svegjerdet. 5 haugar registrert på Svehaugen. Fleire haugar elles utan nøyaktig stadfesting. 2 haugar nemot i utmarka ved «vegen til Hovatnet». Skaftholøks frå steinalderen funne i Røstadvika, liten dolk av lys grå flint – også steinalderfunn. Frå Mossing nedre er registrert kort, einegga sverd, økseblad og ein celt, alt datert til yngre folkevandringstid (500-600). Utan nærare stadfesting, tveegga spyd, beisel o. anna. Dessutan er det frå 1907 og 1957 nemnd ein del saker som ikkje vart teki vare på – spyd, 2 sverd «og flere saker som ikkje kunne erindres».


Vang

Ein rund vid steinblanda haug. Ei brent båtgrav utgraven.


Hove

Frå Karl Rygh «Faste Fornlevninger og Oldsagfund i Nordre Trondhjems Amt» (1879): «På Hove har der ligget 3 rimeligvis meget store hauger, hvor husene nu stå, de blev utgravne for over 40 år siden, ved hvilken leilighed der i et par af dem fandtes sager af jern. Den midterste har ligget hvor nu gårdstunet er, af de to andre sees betydelige konture i haverne nedenfor og søndenfor huserne». Han nemner og 3 regelmessige steinringar vest for garden på øvre sida av vegen. Handteinhjul funne på gardsplassen.


Fossing

Grønsteinsøks (Fossing søndre) frå steinalderen. Schønning nemner sist på 1700-talet fleire haugar. Sverdhandtak og tveegga sverd med damascerklinge – udatert.


Øya

Skaftholøks frå steinalder funne på Tangen. Spydspiss.

Grenne

2 haugar med tverrmål 12-13 m 200 m vest for husa på Grenne vestre. Ein mindre lenger vest.


Fåra

Uferdig skaftholøks steinalder.

Leangen

2 skaftholøkser, ei med uferdig skafthol.


Lo

Spydspiss og 2 knivblad frå Sponvika. Haug 400 m sør for garden. (1909).

Reinås

Øks i bronse frå ca. 1500 f. Kr. Denne øksa vart stolen frå Videnskabs-selskabet sine samlingar i 1963, og er framleis borte.


Skjesol

Slagstein med fingergroper.

Undlin

Skaftholøks – steinalder.

Åvika

Ufullstendig spydspiss.

Vuddu

Skålspenner, ei datert til 850-900; ei til 10. hundreåret. Den siste funne på Vudduaunet.


Åker

To sannsynlige gravhaugar.

Sundalen

Ein celt fra bronsealderen (1500 f. Kr. – 500 f. Kr.).