Fjellvegen

Arne Sivertsen I(Årbok 1981)
Fjellvegen – Vulusjøen – Heståsdalen – Hårskallen

Den gamle fjellvegen tok til ved Venåsgrinda – omtrent der bilvegen no bøyer inn i skogen. Oppe i vegen, eit par hundre meter etter skiltet med ”ku på vegen”, ser vi et oppslag med Storlivegen. Herfrå går gamlevegen gjennom skogen fram til Ulvesvollen – til Storlivollen – til Kløvjanbustaden og Tingstadvollen.

Ei anna lei gjekk nærare der bilvegen går no. Ved ”Jamtkneppet” går bilvegen i 2-3 store slyng. Her gjekk gamlevegen beint opp. Vegen er synleg enno. Du kan gå den opp frå første svingen, til du kjem opp på bilvegen igjen. Fredrik Okkenhaug d.e. fortalte at når dei kjørte heim fjellhøy på holkeføre brukte dei ovafor Jamtkneppet å spenne frå lasset og snu det, med meiane i veret. Så spente dei for igjen. Hesten sklei på bakføttene og lasset sklei på høyet. Som oftast gikk det bra.

Detektivarbeid: Prøv å finne igjen denne stien, t.d. frå Jamtkneppet og fram til brua ved Vulusjøen. Han krysser bilvegen tre gonger.

Nyvegen (bilvegen) var påbegynt i 1934. Den vart ferdig til Vulusjøen i 1945, nådde Heståsen ca. 1958 og slutta ved Heglesvollen 1965.

Namnet Jamtkneppet kjem vel av at svenskane (jamtane) også brukte denne leia når dei skulle til martna på Levanger. Ei tilsvarande kneik på fjellvegen ned mot Buran heiter ”Svenskbakkane”.

Like nedanfor ”Kneppet” ligg Snastjønna. Namnet har samanheng med eit gamalnorsk

ord for nase (vi finn det att i Hermannssnasa) altså noko som er bratt. Her tyder det vel tjønna under bratthallet. Folk frå Levanger misforsto namnet og trudde ho heitte ”Snapstjønna”. Dei forklarte det slik at jamtene tok seg ein ”snaps” når dei var kome velberga ned bakkane – eller når dei skulle gå laus på oppkjøringa.

Det er diskutert mykje kva namnet Vulusjøen kjem av. Mest truleg kjem det av eit gamalt ord for falk – valr. Fangst av jaktfalkar var viktig i mellomalderen. Enno er det ofte falk å sjå i området. Vulusjøen er noko oppdemt. Den var mindre før.

Den gamle stien frå Vulusjøen ned over Heståsdalen gikk på høgre side av dalen. Den tek til ved brua over Skallbekken. Først går den opp på Rugg-Andersvola. (Eller er det Rug-Andersvola?)

Det er mange forteljingar om denne Rugg-Anders, og grunnen til at vola fekk namn etter han. Her er to av dei:

1. Anders levde først på 1800-talet, og budde med familien sin inne i Reinsjølia. Han var uvant sterk – ein ”rugg”. Han våga eingong at han kunne bera ein sekk med korn frå Levanger og inn til bustaden sin. For dette skulle han få kornet – og det var dyrebart, dette må vera i hungersåra omkring Napoleonskrigane.

Da han hadde streva seg opp på vola, sette han seg på ein stein for å puste på. Av dette skulle namnet koma. Steinen ligg der enno. Frå den er det utsikt både mot Vulusjøen og innover dalen. (Etter Torvid Munkeby).

2. Anders kom med matbør fra bygda (med rug i børa). Han sette seg ved steinen for å kvile og få ly mot uver. Der somna han og fraus ihjel. (Etter Ola Vardehaug).

Det er meir rimelig at ei slik hending måtte til for å gi varig namn på vola.

NB! Skiløypa som er merka RuggAndersløypa går ikke over vola, men under ho, nedover Heståsdalen.

Oppgave: Start ved brua over Skallbekken og prøv å følgje stien over vola og gjerne vidare ned Heståsdalen. Prøv å finne steinen Anders kunne ha kvilt ved. (Det står forresten ein fin stolforma stein like ved stien!)

Litt lenger nede i Heståsdalen finn vi plassen dalen har fått namn etter – Heståsen. Gamalt folk i Frol seier at namnet kjem av at det her vart drive ulovlig hestehandel med jamtene. Svenskane brukte å kjøpe mange hundre hestar på Levangermartnan kvart år – til eige bruk eller for å selja dei vidare. Men danskekongen var ofte i krig med Sverige, og da kavalleriet kom på mote på 1600-talet, var hestar krigsviktige. I 1683 kom det derfor strengt forbod mot å selje hestar til svenskane. Men jamtane og inntrønderane var godt kjende og ofte i slekt (Jamtland var norsk heilt til 1645) så dei prøvde å omgå desse lovene. Dei flytte handelen med hestar inn i fjellet, der kongens embetsmenn ikkje kunne stanse den. Det er fortalt at det vart sett opp vaktstasjon inne i Fersoset, men dei som for med hestar brukte berre andre vegar fram til grensa.

I 1705 fekk 13 bønder straff for å ha selt hestar til svenskane, m.a. 3 frå Nesset – Anders Vesje, Jon Bergvinan og Elias Gjemle.

Det spøker av og til på Heståsen. Banker i veggene om natta. Om haustkveldane kan ein høyre ei hestebjelle ute på vollen. Da kjem det ein liten gråkledd kar forbi med ein kløvhest. Han kjem innafrå fjellet.

Lengst ute i dalen ligg Heglesvollen. Her er det fleire interessante ting å sjå:

– Vollen ligg på ei stor sandøyr som vi også ser rester etter på andre sida av Heståsbekken. Sandterrassen må ein gong i tida ha vorte avsett under vatn – i ein sjø – ved utløpet av bekken, på samme måte som elvene lager øyrer i Verdal, Stjørdal – og Levanger.

Her har det i slutten av istida vori ein (bredemt?) innsjø, med nivå litt høgre enn Heglesvollen. I seinere år har Nord-Trøndelag El-verk hatt planer om å demme opp Forra med ein dam nede ved Grytesvola og lage ein omtrent tilsvarende innsjø.

Da isdemninga brast og sjøen rann ut, tok Heståsbekken til å grave i sandterrassen og grov seg etterkvart ned til det nivået den har idag.

– På austsida av bekken – oppe på terrassen – har frolbyggene drive ei storstilt framstilling av jarn – jarnbrenning av myrmalm.

Myrmalm er jarn som er løyst opp i fjellet, er oksydert til ”rust” og blitt liggande i grastorva. På gamlestien ned Heståsdalen knasar det fleire stader myrmalm under støvlane. Denne rusta tørka eller ”rosta” dei. Så laga dei ei gryte i jorda oppe på sandmelen. Gryta fora dei med stein og leir. Så la dei lagvis trekol og myrmalm i gryta, tente på og laga sterk varme med hjelp av blåsebelgar. Det tunge jarnet samla seg i botnen – det lettare ”slagget” flaut oppå. Det ser ut til at jarnframstellinga har gått føre seg over lang tid, kanskje heilt frå teknikken vart kjend i Noreg omkrig år 0 og fram til 1600-1700 talet da jarn frå jarngruver tok over. Vi ser det fordi det er slagg av ulike typer her. Frå først av let dei alt stivne i gryta, dette er da dei store klumpane. Seinare tok dei til å skvette slagget ut, slit at berre jarnet vart att i botnen. Slaggdråpane stivna i lufta, (skvetteslagg) og er lette å sjå på forma. I dei store klumpane er det avtrykk etter kolbitar.

I kongesagaene står det at jarn frå Trøndelag og Valdres var det beste i landet. Dette kjem truleg av at myrmalmen her også inneheld litt mangan og nikkel. Dette gjer jarnet bra rustfritt.

I sørvestenden av Heglesvollen er det nokre jordvollar som ser ut til å ha vori vegger i hus. Husa kan ha samanheng med jarnbrenninga. Det er kol og slagg i veggene.

Jarnbrenning dreiv folk med på dei aller fleste setrane sommars tid. (Det vart nok mykje mygg-klasking for den som stod med blåsebelgen!) Grytene låg alltid nær ein bekk – der var det sand å grave dei ut i. Det er slagg ved Kløvjanbustaden og i Kliningbekken nær Glonkvollen.

Oppgave: Prøv å finne slagg nedover bakken. Vurder kor dei gamle blæstergropene må ha ligge. Slagget vart skuva utfor kanten og litt nedanfor gropene.

Det spøker på Heglesvollen også. Men den historia er så nifs at ho ikkje kan bli med her. Spør folk som kjenner ho!

Fjellvegane var sjølsagt brukte under setringa. Men i eldre tid var det også mykje trafikk gjennom Heståsdalen frå og til Sverige. Det var delvis martnasfolk, men også pilgrimar på veg til Stiklestad eller til Olavsskrinet i Trondheim.

Ca. 1800 var det ein (svensk) kjøpmann – Peter Stalin – som kjøpte skogane omkring Færen (”Meraker bruk”) og tok til med stor utskiping av trelast over Levanger. Inne i Færoset kan vi sjå murar etter hus han sette opp til lasskjørarane sine og husmurane til oppsynsmannen hans, Hans Olsen Færstangen.

Inne i Reinsjølia hadde Stalin også hus, og stallar for 40-50 hestar. I kjøreleia mellom Glonkvollen og Reinsjølia ligg det ei stor kavelbru (trestokkar som ligg side om side tvers over blautmyra) for å hindre gjennomslag på vårføret. Den er synleg enno, men gror snart ned av mose.

På Alstadhaug kjerkegård, litt til høgre for porten, finn vi gravplata over ei av døtrene til Stalin – Dorotea Rebacca Müller.

Sør for Heståsdalen lager myrene store flater – ”Hundskinnet”. Hund er ofte på gamalnorsk ei forsterking – ”Den store flata”?

Ein god del av desse myrane er dyrkbare.

Sør for ”Hundskinnsryggen” renn elva Forra, som folk fra Levanger oftast kallar Storelva. I dette partiet renn elva stille, i store svingar og blir kalla ”Sildra”. Grunnordet – siller – er eit gammal indogermansk ord for stillhet og ro (jfr. silence). Vi finn det ofte att der ei elv renn i rolege svingar – sel, sela, osv.

På Stjørdalssida av Sildra ligg Sillermoen, ein gamal stor setervoll. Her bodde det folk fast utover 1800-talet, ei tid heile tre familiar. På den tida var det ikkje levemåte åt alle i bygda -, somme fór til Amerika – andre busette seg i fjellet. Forfedrene til Flatåsfolket i Frol kom t.d. frå Sillermoen. Siste husa stod heilt til ca. 1950. No er berre ripsbuskane og neslene igjen.

Barna på Sillermoen gikk til konfirmasjonsførebuing i Alstadhaug. Litt av ein dagstur!

NB!: Huset som no står på vollen: Statens skogstue. Den vart sett opp i samanhang med skogsdrift langs elva i 1918-20.

”Skallen” er 735 m høg. Det er kalk i fjellet og den er derfor rik på planter, somme svært tidlege. Deler av fjellet har tidleg avsmelting og det er ofte rein der oppe om våren.

Eit lite stykke oppe i Skallen ligg ”Hundkjerka”. Den store steinen er ein ”flyttblokk” som kom med innlandsisen og smelta ut der. Oppe på fjellryggen ser vi korleis isen har skura over den og kva retning isen hadde.

Men steinen kan ha kome på annan måte. Det er ei segn om at jutulen i Kliningen vart styggeleg sint da han såg at munkane tok til å bygge kjerke nede ved Munkeby kloster. Han tok den største steinen ha kunne finne og kasta den etter kjerkebygget. Men han var dårleg til å sikte, og steinen landa på Skallen.

Ordet hund i namnet kan som før sagt bety stor, men det kan og vise til djevelen (djevlekjerka). Nord for Verdalsgrønningen ligg enno ein stein med dette namnet.

Oppgaver: Sjå etter tidlege blomsterplanter i fjellet. Sjå etter rein. Finn merker etter isskuringa. Kva lei har isen gått?

På toppen av ”Skallen” var det før ein varde eller ”våttå” – ei oppstabling av ved som vart tent når dei skulle varsle bygdene om at landet var i krig. Det skal gå an å sjå sju prestegjeld frå toppen. Etter som vi snur oss kan vi sjå: Gråkallen – Fosen – Ytterøya – Inderøya – Verdal (Aker) – Leksdalsvatnet – Kammarn – Blåstøyten – Skarvan og om det er klårt – Sylan.

Skalltjønna er litt oppdemt. Folk frå Frol har bore fisk i ho.

Det rette namnet på fjellet er Hårskallen. Hår kjem av eit gamalnorsk ord for hare – heri – og betyr ”den som er grå” – Gråskallen.

Om våren – under snøsmeltinga – ser vi frå bygda ei rive (av snø) oppe i fjellsida. Når riva kjem fram, seier frolbyggene at det er såtid.

Skallstuggu er sett opp av Frol idrettslag omkring 1970. Bra tiltak!

Illustrasjonen:
«Frolfjellet»-heftet – utgitt i 1984.