Styremøte 05/05-09

STYREMØTE I LEVANGER HISTORIELAG PÅ BIBLIOTEKET, TYSDAG 5.MAI-09 KLOKKA 18.00

Forfall: Liv Kjønstad

Aashild Bjørgum Øwre fekk innvilga permisjon frå klokka 18.30 for å delta under biskopbesøk i Levanger kyrkje.

Ellers møtte underskrivne.

Sak 7/09: GÅGATE I LEVANGER – KVA KAN VI BIDRA MED?

Bakgrunn: Politikarane går inn for at «Håkon den godes gate» skal bli gågate frå 1/6.

Fremlegg frå leiaren:

Vi skaffer t.d. ein gamal biltilhengar + telt, der vi kan ha Bokbu einskilde dagar.

Vedtak: Ein støttar ideen og arbeider videre med detaljane. Oppstart snarast muleg. Vi ønskjer ein sentral plass.

Sak 8E: Den kulturelle spaserstokken

Leiaren viste til brev frå Anniken Bjørnes, koordinator for «Spaserstokken».

Vedtak: Historielaget støttar saken.

Sak 8F: Brev frå Foreningen Norden

Vedtak: Foreningen Norden står for evt. arrangement. Historielagets medlemmer kan inviteres.

 

Sak 5: Om registreringsprosjektet

Er godt igang.

Sak 8: Nestformannen gjorde rede for finansiering av boka «Husmannsplasser i Levanger og Levanger landssogn»

Utgjevaren søker Levanger Historielag om eit forskott.

Vedtak: Levanger Historielag garanterer for eit beløp opp til 75.000 kr.

Sak 8: Invitasjon til kulturuke 3-7. juni .

Vedtak: Levanger Historielag deltar ikkje.

Sak 8: Vannposten i Sundparken

Historielaget har fått positiv tilbakemelding frå kommunen om innspelet.

Vedtak: Formannen arbeidar videre med saken.

Sak 8: Kontingent

183 har betalt for inneværande år. Nettokapitalen er på knapt 300.000 kr. Purring blir sendt for dei som ikkje har betalt siste året.

Sak 8: Heimesida

Det har i det siste vore ein del problem med oppdatering/redigering.

Arnhild Haugbotn forlet møtet kl 20.00

Johan Ole Kjelstad møtte ikkje.

Helge Bakken referent Øystein Bergsve

Jon Steinar Munkeby Johs. Vongraven

Ola Indgaard

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *