Styremøte 6. mars 2018

UTSKRIFT AV MØTEBOK

STYREMØTE i Levanger historielag
tysdag 6. mars 2018 klokka 18.00 på biblioteket, Levanger.

Til stades: Hågen Ven, Øystein Haugan, Anton Skei,
Gaute Ulvik Haugan, Hilde Løvås og Åshild Bjørgum Øwre.
Forfall: Egil Moen, Randi Berget og Hans Hallan.

1. ÅRSMØTET 2018

a – Årsmelding.

Framlegg til årsmelding utarbeidd av Hågen Ven, justert etter

vedtak 6. februar, lagt fram.

VEDTAK: Meldinga blir lagt fram for årsmøtet

(samr)      som styrets melding.

b- Rekneskap.
Det framlagte rekneskap – som er revidert og funne i orden –
blir lagt fram på årsmøtet.
VEDTATT  (samr.)
Budsjett.
Utkast for 2018 lagt fram. Framlegget vart gjennomgått
og kommentert.
VEDTAK Blir lagt fram på årsmøtet.
(Samr.)
c – Handlingsplan.
Framlagt forslag til arbeidsplan vart kommentert og supplert.
VEDTAK: Blir lagt fram for årsmøtet.
(Samr.)
d – Kontingent.
VEDTAK: Som før, 150/200 kr.
e – Bygdeboknemnda blir lagt som nemnd under historielaget.
VEDTATT. Blir lagt fram på årsmøtet.
(Samr.)
f –  Innkome framlegg frå Ola Indgaard.
VEDTAK: Blir lagt fram for årsmøtet.

g. Praktiske spørsmål vedr. organisering av møtet etter
avslutta årsmøtedel.
h. Spørsmål om opphavsrett til bileta i «klokkeboka». Blir undersøkt
og svar blir sendt Ålen historielag.

Rett utskrift.           Aa. Bjørgum Øwre  – sekretær  -

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>