Styremøte 6. februar 2018

UTSKRIFT AV MØTEBOK

STYREMØTE i Levanger historielag
tysdag 6. februar 2018 klokka 18.00 på biblioteket, Levanger.

Til stades: Hågen Ven, Øystein Haugan, Hans Hallan, Anton Skei,
Gaute Ulvik Haugan og Åshild Bjørgum Øwre.
Forfall: Egil Moen, Hilde Løvås, Egil Joar Moen, Randi Berget.

1. ÅRSMØTET 2018

a – Årsmelding.

Framlegg til årsmelding utarbeidd av Hågen Ven vart delt ut

og gjennomgått.

VEDTAK: Med eit lite tillegg blir denne lagt fram for årsmøtet

(samr)      som styrets melding.

b- Rekneskap.
Årsresultat utdelt av kasserar.
VEDTAK: Blir lagt fram på årsmøtet.
(samr.)
Budsjett-utkast for 2018 lagt fram.
VEDTAK: Budsjettet blir tatt opp på neste styremøte.
c – Tid og stad:
Årsmøtet blir på biblioteket 20. mars klokka 18.00.
d – Foredrag/fagleg innslag?
Ein del namn vart nemnt.
Gaute undersøker til neste styremøte.
e – Kunngjering gjennom avisene og e-post.
f –  Kontingent
VEDTAK: Styret sitt framlegg: Uendra kontingent (kr 150/200)
(samr.)

2 – MARSIMARNA`N
Ønskje frå Hogne Heir vedr. konfirmasonsbilete.
VEDTAK: P.g.a. manglande kapasitet deltek vi ikkje i år.
(samr.)

3 – BYGDEBOKNEMNDA
Spørsmål frå Johannes Vongraven, leiar av bygdeboknemnda,
om historielaget kan overta nemnda.
Historielaget er positiv til dette, men vil få undersøkt vedr.
kommunens rolle  i nemnda.
(Tilføying: Johannes Vongraven opplyser at samarbeidet med
kommunen om nemnda vart oppsagt da omorganisering til privat
nemnd skjedde for mange år sidan. Alt den gongen var det framlegg
om at nemnda skulle ligge under historielaget slik dei andre nemndene
laget har oppretta, gjer).

4 – NEMNDER

Utsett til etter årsmøtet.

5 – MEDLEMSBLAD
Kjem ut etter årsmøtet.
Fagleg tema: Ei «Armfeldt-historie»

6 – EVENTUELT
Gaute orienterte om aktivitetar kring «Armfeldt». Levanger ligg noko
etter naboane. Samarbeid med Verdal, evt. Stjørdal eller liknande ville
vera positivt. Kunne gjerne gi ut eit «Armfeldt-hefte» i lag.

Rett utskrift.

Aa. Bjørgum Øwre
–   sekretær   -

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>