Styremøte; 05.12.2017

UTSKRIFT AV MØTEBOK

STYREMØTE i Levanger historielag
tysdag 5. desember 2017 klokka 17.00 på biblioteket, Levanger.


Til stades: Hågen Ven, Øystein Haugan, Hans Hallan, Hilde Løvås,
Randi Berget, Anton Skei, Gaute Ulvik Haugan og Åshild Bjørgum Øwre. Forfall: Egil Moen. 

  1. FLYTTING AV DET VI HAR ATT PÅ MULE
    Arbeidet med flyttinga må gjerast før jul.
    Hilde stiller med bil, får hjelp av Hans, Gaute og Anton. Desse blir samde om dag. 
  1. FLYTTING TIL NYTT WEBHOTELL
    Tilbod frå Rønning media.
    Gaute orienterte om kva dette går ut på. Han snakkar og med Sveinung som står for sida vår no.
    VEDTAK: Saka blir utsett 
  1. INFO
    a- årsmøtet i Nord-Trøndelag historielag. Kontingent blir 1000 kr/lag + 5kr/medlem.
    b-styremøte i Nord-Trøndelag historielag: Fellesmøte med
    Sør-Trøndelag 30/11-17.
    c-Seminar om privatarkiv. Ingen får til å dra.
    d-Møte om Armfeldt-markering 11/12. Gaute møter. 
  1. VEGNAMN I KJØNSTADMARKA
    Styret sende denne saka til Liv Kjønstad som har kome med framlegg på namn med lokal tilhørigheit.
    VEDTAK: Vi godkjenner namna og sender dei til kommunen. 

Klokka 18.00 juleavslutning på Backlund. Vi har invitert skriftstyret og «slektsmedhjelparane».

Aa. Bjørgum Øwre
–   sekretær   –

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *