Styremøte; 05.09; 2017

UTSKRIFT AV MØTEBOK
STYREMØTE i Levanger historielag tysdag 5. september 2017 klokka 18.00 på biblioteket, Levanger.

Forfall: Gaute Ulvik Haugan, Randi Berget, Anton Skei. Møtte ikkje: Egil Moen. Til stades: Hågen Ven, Øystein Haugan, Hans Hallan, Hilde Løvås, og Åshild Bjørgum Øwre. 

  1. KULTURMINNEDAGENv/Åshild.
    Tema for «dagen» i 2017 er
    «Kulturminner i samfunnets teneste». Torsdag 17. august hadde vi (Fortisdminneforeninga, Levanger Historielag og Bymusèet) møte på Brusve for å planlegge kulturminnedag. Alle tre samarbeidande lag var representerte. Framlegg til tema – frå underskrivne – for dagen var: Damaskveven som prosjekt (Vi vart samde om dette). – oppsetting av denne (start) – orientering om lin og linarbeid (Agnes Stokke) – orientering om damaskveving og damask (Liv Storhaug) – utstilling av dukar (damask og dreiel) Veven er no i hovudsak oppsett ved hjelp av Eli og Anton Skei samt underskrivne. Kulturminnedagen blir arrangert på Brusve 24. september.
     
  2. ORIENTERINGSSAKER v/Hågen
    Frå styremøte i Nord-Trøndelag historielag 31/8-17. -Årsmøtet blir 18/11 på Skatval -Framlegg om kr.15/medlem i kontingent til laget -Brev frå Nord-Trøndelag historielag (utdelt). -Martna`n. Laget stilte 4 dagar. Prosjektet «Konfirmantbilete» v/Hogne Heir vart hovudsak og ein fekk mange namn på bileta. -Lodd- og boksal gav ca 3000,- kr. -Slektskafè: Som tidlegare blir dette 1g/mnd. Jon Steinar Munkeby held fram som før, Einar Hojem tar over etter Birgit Reistad som bad seg friteken. -Tur til Markabygda. Vedlegg. Ref. v/Hans. 
     
  3. ÅRBOKA v/Randi
    Randi var sjukmeld, men vi snakka litt om boka som er i god gjenge.
     
  4. ØKONOMI v/Øystein
    Oversiktleg rekneskap vart delt ut. Økonomien er god.
     
  5. FLYTTING TIL BRUSVE
    Bøkene er flytta, men vi har mykje igjen på Hegle. Dette må vi gå gjennom og finne ut kva som skal takast vare på. Vi kjem tilbake til saka, men reknar med å finne ein dag i oktober.
     
  6. EVENTUELT
    a. Meldingsbladet. Møte avtalt med tanke på å få ut blad no i haust.
    b. «Havari» på datamaskin har ført til oppsamling av skriv som vi fekk no. Blir gått gjennom.
    c. Slektsprogrammet m.v. frå Ola Indgaard. Korleis få det overført til oss? Vi bed Einar Hojem ordne dette.
        

     

    P.s. Gje tilbakemelding om du har mottatt utskrift. D.s.

     

    Aa. Bjørgum Øwre    –   sekretær   -

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>