Styremøte; 02.05.2017

UTSKRIFT AV MØTEBOK

STYREMØTE i Levanger historielag tysdag 2. mai 2017 klokka 18.30  hos Hans Hallan på Hallan i Markabygda. Forfall: Gaute U. Haugan. Til stades: Hågen Ven, Randi E. Berget, Hilde Løvås, Øystein Haugan, Hans Hallan, Anton Skei, Ola Indgaard (til sak1), Egil Moen og Åshild Bjørgum Øwre. 

Før møtet tok Hans Hallan oss med på «Kjerkhaugen» der det var vidt utsyn, og han fortalde om grenda, bygda og om den gamle kyrkjestaden på Hallan. Ei interessant og fin oppleving i den vakre vårkvelden!

 STYREMØTET 

SAKER

  1. TILBOD OM OVERTAKING AV ARKIVMATERIALE v/Ola Indgaard. Historielaget har fått tilbod frå Ola Indgaard om å overta det arkivmaterialet han har i slektsprogrammet EMBLA og også biletmateriale. Årskontingenten for slektsforskarprogrammet er kr. 400,- Ola Indgaard forklarte og synte eksempel (sjå vedlegg). VEDTAK: Historielaget takkar «ja» til tilbodet. (Samr.) Kaffe og servering etter sak 1. Ola Indgaard forlet møtet.

     

  2. TILBOD FRÅ RØNNING MEDIA FOR FLYTTING OG  ADMINISTRASJON AV HEIMESIDA v/Gaute.
    Saka utsett da Gaute hadde forfall.

     

  3. ØKONOMI – KONTINGENT v/Øystein.
    Til no har 75 medlemmar og 23 fam/grupper betalt. Vedr. oppgjeret etter Nord-Trøndelag historielag sitt halvårsmøte syner det seg at det blir ei utgift på Levanger historielag. Vi meiner Nord-Trøndelag historielag skal betale hus og servering (kr.1500,-)
    VEDTAK: Hågen tar dette opp på styresmøte i Nord-Trøndelag historielag(Samr.)      

     

  4. MELDINGSBLADET- REDAKTØR
    Framlegg – Gaute Ulvik Haugan. Alle støttar dette, men Gaute må spørjast på nytt.

     

  5. TURNEMND
    Dei siste åra har ein ikkje hatt turnemnd, men vi meiner ein må ha ei nemnd. Framlegg: Hans Hallan, Anton Skei og Egil Moen. VEDTAK: Framlegget vedtatt. (Samr.).

     

  6. ARKIVROM Tilbod frå Åse Randi Reitan på kr. 5000,-. Vi meiner det er for mykje og tilbyd kr. 2000,-

     

  7. ALSTADHAUGSEMINARET Dok.: Søknad om stønad til «Alstadhaugseminaret» 3/9-17. Vi har tidlegare støtta med kr. 5000,-. Vi har alt brukt ein del av det budsjetterte gavebeløpet, men vil gjerne støtte i år og.
    VEDTAK: Vi gir kr. 4000,- til seminaret i 2017. (Samr.).

     

  8. EVENTUELT Det er opna nytt omsorgssenter i Åsen, «Stokkbakken omsorgssenter». Levanger historielag har gitt 25 årgangar,- signerte,- til omsorgssenteret 

     

     Aa. Bjørgum Øwre (s.) ref.  

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>