Styremøte; 28.03.2017

UTSKRIFT AV MØTEBOK

STYREMØTE i Levanger historielag tysdag 28. mars 2017 klokka 18.00  på biblioteket, Levanger. Møtet var flytta fram frå første tysdag i april av praktiske grunnar. Forfall: Hilde Løvås og Hans Hallan. Underskrivne møtte. Det var to nye styremedlemmar etter årsmøtet, så møtet starta med ein presentasjonsrunde. Som i 2016, er styret utan leiar, slik at arbeidsutvalet, nestleiar, sekretær og kasserar, blir leiargruppe i 2017 og. 

SAKER

  1. Konstituering. Nestleiar: Hågen Ven, attvald. Kasserar: Øystein Haugan, attvald. Sekretær: Åshild Bjørgum Øwre, attvald.

     

  2. HALVÅRSMØTE I NORD-TRØNDELAG HISTORIELAG Vi er bedne om, og har sagt «ja» til, å stå som arrangør av halvårsmøtet, og ein har hatt planleggingsmøte saman med leiar i Nord-Trøndelag historielag, Magnus Fiskvik.  Velkomst.  Levanger historielag, ca 1 t. Framlegg til emne: MIDDAG: Sodd.  Detaljar når vi har snakka med folk om deltaking/hjelp.
    Våre medlemmar blir inviterte gjennom medlemsbladet.
    EKSKURSJON: Levanger sjukehus.
    Krigshistorie. Randi snakkar med Arne Langås.
    Nord-Trøndelag historielag v/Magnus Fiskvik, ¾ time.
    TIDSPUNKT: Laurdag 22. april-17, kl. 10.00. STAD: Brusve.
    PROGRAM: (Kaffe ved frammøte frå kl. ½-10 (9.30)

     

  3. MELDINGSBLADET.
    Innbetalingsblankett blir sendt ut med bladet.
    Det blir dugnad med pakkinga (Egil, Anton, Øystein, Hågen).
    Orientering om bladet m.v.

     

  4. NYTT BOKLAGER. Neste møte.

     

  5. ARRANGEMENT 12. mai.
    Orientering v/Gaute. Tanken var å få informasjon til grunneigarar og metallsøkerar om reglar når det gjeld metallsøking av arkeolog/samlingsansvarleg ved NTNU, Birgit Maixner. Aktuelle datoar der ho kan stille er 28/4 og 12/5.
    (Samr.)
    VEDTAK: Vi prøver 28. april Gaute arbeider vidare med saka.

     

  6. SKRIFTSTYRE
    (Samr.)  Randi informerer frå styret.     
    1. 6 a- og b MELDINGSBLADET og TUR-og ARRANGEMENTSKOMITE  Blir tatt opp på neste møte.
    2. VEDTAK: Skriftstyret frå 2016 blir oppnemnd på nytt for 2017.

     

    Aa. Bjørgum Øwre (s.), ref., Egil Moen (s.), Anton Skei (s.), Gaute U.  Haugan (s.), Randi Berget (s.), Hågen Ven (s.).     

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>