Styremøte; 11.07.2017

UTSKRIFT AV MØTEBOK
STYREMØTE i Levanger historielag tysdag 11. juli 2017 klokka 18.30, på Forberg, Ytterøy hos Åshild Bjørgum Øwre. 

Forfall: Gaute Ulvik Haugan. Til stades: Hågen Ven, Øystein Haugan, Hans Hallan, Hilde Løvås, Randi Berget, Egil Moen, Anton Skei og Åshild Bjørgum Øwre. 

  1. PROSJEKT – KONFIRMASJONSBILETE
    Dokument 1: Brev frå Hogne Heir.       
    «                 2: Orientering frå arbeidsutvalet etter møte med Hogne Heir (sjå møte 27/6-17) VEDTAK: Levanger historielag går inn og støttar Hogne Heir. (Samr.)       Bildeprosjektet blir da ein del av historielagets arbeid.
     
               
  2. DELTAKING PÅ MARTNA`N
    Vi gir tilbakemelding til Hågen innan 25. juli om vi har høve til å stille ein- eller fleire av datoane 2. – 5. august. Vi satsar på å ha loddsal med bokpakkar som gevinstar + evt. fruktkorg(er).
     
  3. NY TUR Hans har vore i kontakt med Martin Friberg i Markabygda om å få koma på musèet hans på Nordenget. Vi kan tenke oss ein ettermiddag i slutten av august evt. tidleg i september.
    VEDTAK: Turnemnda får fullmakt til å legge opp turen og fastsette (Samr.) tidspunkt og ordne med servering.
     
  4. INFO FRÅ BOKNEMNDA v/Randi. Orientering om innkome- og utlovt stoff. Det er for lite stoff enno. Alle «bygder» bør vere representerte. Frist for innlevering: Utgangen av august.
     
  5. ØKONOMI Orientering v/Øystein. 25 medlemmar har ikkje betalt kontingenten enno. Økonomien vår er god, men vi må satse på å få fleire medlemmar. Eige møte om dette. Gåve ved tur til Markabygda som ved tur til Åsen.
    VEDTAK: Vi gir kr. 2.500,- i gåve til musèet  i Markabygda. (Samr.)
     
  6. ORIENTERING Boklageret på Brusve er ferdig. Ønske om dugnad til flytting av bøker m.m. Hågen sender ut datoforslag. Framlegg frå Johannes Vongraven  vedr. møte om bygdeboknemnda. Møtet blir 3. oktober.

    NESTE STYREMØTE BLIR 5. SEPTEMBER.
    Aa. Bjørgum Øwre    –   sekretær   -

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>