Årsmøte; 14.03.2017

UTSKRIFT AV MØTEBOK
Årsmøte i Levanger historielag tysdag 14. mars 2017 klokka 18.00  på Fotomuseet, Levanger. 13 stk. møtte. Innkallinga var gjort kjent ved annonse i Trønder-avisa og Innherred. 

  1. Nestleiar, Hågen Ven ønskte vel møtt. Innkalling og sakliste godkjend utan merknad.
  2. VAL av møteleiar: Hågen Ven vald. VAL av sekretær: Åshild Bjørgum Øwre vald.
  3. VAL av 2 til å skrive under møteboka: Hogne Heir og Randi Berget vald.

4. ÅRSMELDING (vedlagt protokollen).
Hågen Ven gjekk gjennom årsmeldinga som var utdelt. Tilføying under punkt «Slektskaffe»: Arr.: Samarbeid med Levanger bibliotek og    Slekt og data.

5. REKNESKAP
Kasserar Øystein Haugan gjekk gjennom rekneskapen som var utdelt og kommenterte einskilde punkt og svarte på spørsmål.     Rekneskapen er revidert og funne i orden.     VEDTAK: Rekneskapen godkjend. (Samr.)

6. ARBEIDSOPPGÅVER 2017
Styret sitt framlegg til oppgåver vart delt ut og kommentert av     Hågen Ven.     VEDTAK: Vedlagte liste vart godkjend. (Samr.)
Årbok 2017                         
Boksalg, selgere, førjulsmartna m.m.                         
Ajourføring av heimesida                         
Bruke facebook aktivt                         
Slektsforum/slektskaffe                         
Arrangere tur(er), foredrag, medlemsmøter                         
Medlemsverving                         
Samarbeid med andre lag og Levanger bibliotek                         
Etablere nytt lagerlokale

7. BUDSJETT FOR 2017    
Framlegg til budsjett (utdelt) vart gjennomgått av kasserar.    
Det vart opna for spørsmål/kommentarar.   
VEDTAK: Budsjettet vedtatt (samr.)

8. FASTSETTING AV KONTINGENT    
VEDTAK: Kontingenten blir som tidlegare, kr. 150,- for                        einskildpersonar, kr. 200,- for fam./grupper. (Samr.)

9. INNKOMNE SAKER    
a. «For å ha stemmerett på årsmøtet, må kontingent være betalt senest en uke før årsmøtet.»         
Styrets forslag til vedtak: Ein går imot dette av praktiske grunnar. 
VEDTATT mot 1 stemme.   
b.
Omorganisering av bygdeboknemnda.        
VEDTAK: Styret legg fram forslag på neste årsmøte. (Samr.)

10. VAL
Styre: (Arbeidsutvalet, nestleiar, sekretær og kasserar fungerer som leiar).        Nestleiar: Hågen Ven, attval for 2 år.       
Sekretær: Åshild Bjørgum Øwre – ikkje på val, 1 år igjen.       
Kasserar: Øystein Haugan – ikkje på val, 1 år igjen.       
Styremedl.: Randi Elise Berget, ikkje på val, 1 år igjen.       
Styremedl.: Hans Hallan, ikkje på val, 1 år igjen.       
Styremedl.: Hilde Løvås, attval for 2 år.       
Styremedl.: Egil Joar Moen, vald for 2 år, ny.       
Styremedl.: Anton Skei, vald for 2 år, ny.       
Styremedl.: Gaute Ulvik Haugan, attval for 1 år.

11. Revisorar:   Hogne Heir: For 1 år.  Arild Buran: For 1 år.

12. Valkomite: Anna Dahl – leiar – 1 år igjen.      
Johannes Vongraven – 2 år igjen.      
Per Mølnås –  3 år igjen.
 

Valkomiteens framlegg vedtatt
Alle vald med akklamasjon.   

Møteboka godkjend. Randi Berget (s.)    Hogne Heir (s.)

 

                            

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>