Styremøte; 07.03.2017

UTSKRIFT AV MØTEBOK 

Styremøte i Levanger historielag tysdag 7. mars 2017 klokka 17.00  på Levanger bibliotek. 

Forfall: Hallbjørn Holberg, Randi Berget, Gaute Ulvik Haugan.

Underskrivne møtte: Hågen Ven, Øystein Haugan, Hilde Løvås, Sveinung Havik, Hans Hallan, og Åshild Bjørgum Øwre.  

SAKER: 

  1. FØREBUING TIL ÅRSMØTET
    a. Årsmelding v/Hågen. Det framlagte forslaget vart gjennomgått.
    VEDTAK: Den gjennomgåtte årsmeldinga blir lagt fram for (Samr.)      årsmøtet som styrets melding.
              

    b. Rekneskap v/Øystein.           
    Rekneskapen vart gjennomgått og kommentert.           
    VEDTAK: Rekneskapen blir lagt fram for årsmøtet. (Samr.)

    c. Arbeidsplan
    VEDTAK: (Samr.) Arbeidsplana blir lagt fram for årsmøtet.

    d. Budsjettframlegg.
    Framlegget vart gjennomgått og sett i samanheng med arbeidsplana. Vedtak: Blir lagt fram for årsmøtet. (Samr.)

    e. Praktiske førebuingar.
    -Innkalling ved annonse i TrønderAvsa og Innherred14/2-17er utført. -Underhaldning/program: Nord-Trøndelag historielag v/M. Fiskvik +   bildeframsyning v/N. Torske.
    -Servering: Øystein ordnar dette.

    f. Innkomne saker. Betalt kontingent/stemmerett på årsmøtet. Blir tatt opp på årsmøtet Bygdaboknemnda som del av historielaget.Blir orientert på årsmøtet.      

    2. ÅRBOKSALET          
    Boka er trykt i 950 eksemplar og ca 600 er selt. Rest: 150-200.           VEDTAK: Vi trykker 800 stk. neste år (2017).   (Samr.)
               
    3. MELDINGSBLADET         
    v/Sveinung Havik.         
    Utkast vart delt ut og fekk positiv respons. Sidetalet vart diskutert i          høve til porto.
                 
    VEDTAK: Bladet blir sendt medlemmane etter årsmøtet.  (Samr.)
                   

    4.  NYTT LAGER         
    Vi har tilbod om nytt lager på Brusve. Rommet er ikkje oppvarma og det er snautt, men vi kan snekre hyller sjølv.         
    Vedr. kostnad så byd vi oss til å betale 1500,- kr i leige (gratis på Hegle, men Brusve er meir praktisk.) Samrøystes vedtak.
       

    5.  TILBOD OM SLEKTSPROGRAM         
    Tilbodet er frå Ola Indgaard         
    Vedtak: Vi inviterer han til eit møte så vi får orientering.
      

    6. FLYTTING TIL NYTT WEBHOTELL        
    Saka utsett.

    7. SØKNADER OM STØTTE       
    a. Frå Jon Suul til bokprosjekt.           
    VEDTAK: Avslag. (Tidlegare praksis og konsekvensar).       
    b. Frå Bymuseet til teaterframsyning.           
    VEDTAK: Noko stønad til annonsering – kr. 3000,-       
    Beskriving av prosjekta, men ikkje budsjett vedlagt søknadene.

    8. FRÅ BIBLIOTEKET    
    Førespurnad om medverknad frå historielaget. Ingen såg seg tid til å gå aktivt inn i arbeidet, men styret er ressursgruppe.                                    Møteboka godkjend.
       

   Aa. Bjørgum Øwre – ref. (s), Hågen Ven (s) Øystein Haugan (s), Sveinung Havik (s), Hans Hallan (s), Hilde Løvås (s).                     

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>