Styremøte; 08.02.2017

 

UTSKRIFT AV MØTEBOK

Styremøte i Levanger historielag tysdag 8. februar 2017 klokka 18.00  på Levanger bibliotek.

Forfall: Hallbjørn Holberg.
Underskrivne møtte. Til stades: Hågen Ven, Øystein Haugan, Hilde Løvås, Sveinung Havik,  Hans Hallan, Gaute Ulvik Haugan, Randi Berget og Åshild Bjørgum Øwre. Viggo Ballo møtte og orienterte om kalkomnane på Nesset m.m., før styremøtet. 

Før styremøtet orienterte Viggo Ballo om kalkomnane på Nesset       (Sjå sak 6 frå møte 5. desember 2016).    Restaurering samt bygging av ny feltomn er viktig for formidling av  kunnskap omkring kalkomnane og å ta vare på kunnskapen om  arbeidsprosessen. Søknad om midlar er på gang.

SAKER: 

  1. FØREBUING TIL ÅRSMØTET
    a. Årsmelding v/Hågen. Det framlagte forslaget vart gjennomgått. VEDTAK: Den gjennomgåtte årsmeldinga blir lagt fram for (Samr.)      årsmøtet som styrets melding.b. Rekneskap v/Øystein. Rekneskapen vart gjennomgått og kommentert. VEDTAK: Rekneskapen blir lagt fram for årsmøtet. (Samr.) c. Arbeidsplan – forslag v/Åshild. Arbeidsplan – som siste år – med supplement lagt fram. Fleire forslag kan sendast til Åshild denne veka.
    VEDTAK: (Samr.) Arbeidsplana blir lagt fram for årsmøtet. d. Budsjett. Blir sett opp når arbeidsplana er ferdig. e. Praktiske førebuingar. -Innkalling ved annonse i TrønderAvsa, evt. Innherred 14/2-17. -Underhaldning/program: Nord-Trøndelag historielag v/M. Fiskvik +  evt. bildeframsyning v/N. Torske. -Servering: Vi kjøper tekake og kaffe og ordnar dette i styret.
  2. ÅRBOKSALET          
    Boka er trykt i 950 eksemplar og ca 500 er selt. Sjå rekneskap. 
  3. SØKNAD FRÅ BYMUSEET OM TILSKOTT TIL TEATERFORESTILLING        Saka utsett. 
  4. NYTT LAGER         Saka utsett.
  5. TILBOD OM SLEKTSPROGRAM          Saka utsett.
  6.  HALVÅRSMØTE FOR NORD-TRØNDELAG HISTORIELAG         
    Levanger historielag er bedne om å arrangere møtet.         
    VEDTAK: Vi tar på oss oppgåva og arrangerer møtet som skal (Samr.)  
    haldast i mai. Stad: Brusve. Vi kjem tilbake til saka.
  7.  FLYTTING TIL NYTT WEBHOTEL           Saka utsett
  8. ORIENTERINGSSAKER OG EVENTUELT.   Saka utsett.    

  

Møteboka godkjend:
Aa. Bjørgum Øwre – ref. (s), Hågen Ven (s) Øystein Haugan (s),      Sveinung Havik (s), Hans Hallan (s), Hilde Løvås (s).       Randi Berget (s), Gaute Ulvik Haugan (s).            

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>