Styremøte; 10.01.2017

Styremøte i Levanger historielag tysdag 10. januar 2017 klokka 18.00  på Levanger bibliotek.Forfall: Hågen Ven, Gaute Ulvik Haugan, Randi Berget.

Underskrivne møtte. Til stades: Øystein Haugan, Hilde Løvås, Sveinung Havik, Hallbjørn Holberg, Hans Hallan og Åshild Bjørgum Øwre.

 

SAKER:

  1. ÅRBOKSALGET
    Orientering v/kasserar. Opplag: Oppgåve manglar. Selde bøker: Oppgåve manglar. Pengar levert: Kr. 100.650,-
    VEDTAK: Årboksalet blir tatt opp på eit nytt møte med fullstendige talopplysningar. Seljarane blir inviterte til eit møte. Vi serverer kaffe.
    ØKONOMI    
    Trykkekostnader: Kr. 145.250,- Pr. i dag blir boka trykt på trykkeri  i Verdal.  
    VEDTAK:  
    Vi innhentar tilbod frå fleire trykkeri og tar saka opp på eit nytt møte           og får spørsmåla kring årboka i meir ordna former (sak 1 og 2).

  2. ÅRSMØTE         
    Årsmøtet skal haldast i tida januar-mars.         
    VEDTAK: Tid for årsmøtet: 14. mars-2017 klokka 18.00.         
    Stad:  Levanger fotomuseum.         
    Fagleg innslag   :  Vi spør Nils Torske om innslag.

  3. FRISTAR: 
    Årsmelding: Ansvarleg, arbeidsutvalet v/Hågen Ven.         
    Budsjettframlegg: Ansvarleg, arbeidsutvalet v/ Øystein Haugan         
    Fagleg innslag: Nils Torske blir spurd, ansv.Sveinung Havik.          Årsmelding, budsjett, «foredrag» må vere klart til siste styremøte før årsmøtet. Innkalling i samsvar med vedtektene.
                    
  4. MARSIMARTNAN, 2-4 mars        
    Det er tradisjon for samarbeid med bymuseet og vi har stand i lag. Vi må hugse på medlemsverving. Utlodning av eit innramma bilde (frå fotomuseet) har vore populært tidlegare, og vi prøver på nytt i år. Sveinung snakkar med fotomuseet.          
    REKLAME for laget – plakat? Vi ber Gaute om han kan ordne dette.           Sveinung samordnar med samarbeidspartnarane.
        
     
  5. OPPGJER ETTER KULTURMINNEDAGEN         
    v/kasserar/sekretær.         
    Fortidsminneforeninga skal betale 1000 kr. Bymuseet skal betale 1000 kr.       Historielaget betalar reste,- litt over 1000 kr.         
    VEDTAK: Kasserar ordnar dette.
      
  6. MELDINGSBLAD NR. 1/2017       
    v/Sveinung Havik.       
    Bladet kjem ut etter årsmøtet, overgangen mars/april. 
    Aktuelt tema: Bybrannane (1877 – 1897). Ønske frå ansvarlege for bladet: Ver flink til å koma med stoff!
     

  7. EVENTUELT.      
    a. Blomster til biblioteket med takk for godt samarbeid er kjøpt og levert.       b. Viggo Ballo kan koma på februarmøtet og orientera om kalkomnane           på Nesset.     
    c. Vi skriv ned e-postadressene våre for å ha samla for styret.     
    d. Roknesvollen. Årsmøte.  Utsending: Hågen Ven.  Vara: Sveinung Havik.    e.Framlegg om at biblioteket v/Vidar Lund kallar inn til møte a`la         «sykkelmøtet»  (historielaget, fotomuseet, bymuseet, biblioteket) vedr emnet BRANN.       
         

    Møteboka godkjendt.
    Aa. Bjørgum Øwre – ref. (s), Øystein Haugan (s), Hallbjørn Holberg (s),        Sveinung Havik (s), Hans Hallan (s), Hilde Løvås (s). 
         

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>