Styremøte; 05.12.2016

UTSKRIFT AV MØTEBOK

Styremøte i Levanger historielag måndag 5. desember 2016 klokka 18.00  på Levanger bibliotek.

Alle møtte. Til stades: Øystein Haugan, Gaute Ulvik Haugan, Hilde Løvås, Sveinung Havik, Hågen Ven, Hallbjørn Holberg, Randi Berget, Hans Hallan og Åshild Bjørgum Øwre. 

SAKER:

  1. MINNETAVLER – VEDLIKEHALDSANSVAR
    Pr. i dag har vi tre plassar: -Kirkestad på Hallan – ansv. Hans Hallan. -Kirkestad på Reistad – -Kirkestad i Røvika –    ansv. Åshild Bjørgum Øwre. Vedr. P. 2, Reistad: Sveinung Havik kontaktar  grunneigar Magne Reistad. Det vart diskutert om ein evt. skal ha ein artikkel om dei gamle kyrkjestadene. Vi tar dette opp seinare. Ein tur for å sjå kyrkjestadene var det interesse for. Vi prøver dette til neste år. 
     
     
            
  2.  VALKOMITEEN – arbeid før årsmøtet.          
    VEDTAK:   Sekretæren skriv/tar kontakt med valnemnda som er  (etter Ketil Iversen går ut): Jon Oddvar Skei og Anna Dahl.  Tredje person skal nemnast opp av styret.   Johannes Vongraven blir spurd om han er villig til å gå inn  i valnemnda etter Ketil Iversen. Hågen Ven tar kontakt med han.

     3.  LAGERPLASS/ARKIV for historielaget.          
         Orientering v/Sveinung Havik.  Sveinung har undersøkt i det gamle   
         heradshuset for Frol der vi evt. kan få disponere eit par rom. Fotomuseet    
         disponerer pr. i dag           huset, og vi må ta opp med dei ein eventuell
         kostnad.          
         VEDTAK:
Ein arbeider vidare med saka. Sveinung gjer dette.                 

4.     ÅRBOKSALET          
        Orientering v/kasserar.  Pr. i dag er det selt bøker for vel 60.000,- kr.              
        Tilbakemeldingane frå seljarane er positive. Melding av boka i avisa   
        er ønskjeleg, og Leif Hovland blir spurd.  Randi ansvarleg.

  5.    ØKONOMI         
         Rekning frå trykkeriet er ikkje kome enno, så ein manglar fullstendig
         oversikt. Sjå elles p. 4.

   6    EVENTUELT. a. Viggo Ballo har søkt midlar for eventuelt å restaurere
        kalkomnane på Nesset. Han ønskjer samarbeid med Bymuseet og
       Historielaget. Positivt!  Vi inviterer Viggo Ballo til eit styremøte
              

           Møteboka godkjendt..

          Aa. Bjørgum Øwre – ref. (s), Hågen Ven (s), Øystein Haugan (s),
          Hallbjørn Holberg (s), Randi Berget (s), Gaute Ulvik Haugan (s),
          Sveinung Havik (s), Hans Hallan (s), Hilde Løvås (s).
      

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *