Styremøte; 01.11.2016

 

 

UTSKRIFT AV MØTEBOK
Styremøte i Levanger historielag tysdag 1. november 2016 klokka 18.00  på Levanger bibliotek. 

Forfall: Hans Hallan Til stades: Øystein Haugan, Gaute Ulvik Haugan, Hilde Løvås,  Sveinung Havik, Hågen Ven, Hallbjørn Holberg, Randi Berget og Åshild Bjørgum Øwre.  

SAKER: 
1.
ÅRBOKA.
Redaktør Asbjørn Tingstad møtte under denne saka. Styret fekk boka for 2016 utdelt, og vi såg gjennom boka som såg fin ut. Lanseringsmøtet blir på biblioteket tysdag 8. november klokka 18.00. Trønderavisa og «Innherred» blir inviterte. Representant frå redaksjonen tek kontakt med avisene og bidragsytarane (Asbjørn). Vi set inn annonse i «Innherred» og TA laurdag 5. november (Åshild) Gaute lagar innstikk til medlemsbladet/og til bruk ved sal av boka. Salgsmåtar vart diskutert. Kvar kjenner si oppgåve. Godtgjering til redaksjonsnemnda. Antall bøker blir redusert, hovudredaktør bør ha fleire enn dei andre medlemmane (5 og 2?) Styret inviterer nemnda med ut på julemiddag etter neste styremøte.
  
2. MELDINGSBLADET.        
Sveinung presenterte utkast til bladet. Dette skal ut før boka. Det blir trykt 350 eks. Lett å få til fleire om det trengs. Nye medlemmar får dette saman med siste årboka.   
 
3.  ØKONOMI.          
Vi har kr. 53020,27 på brukskontoen vår. Utgiftene vedr. Kulturminnedagen 13/9-16 vart lagt fram, totalt ca 3100 kr. (Sveinung og Åshild gjennomførte dagen og         representerte dei samarbeidande laga. Kasserar betaler samla utlegg. Kr. 1000,- blir kravd inn frå fortidsminneforeninga, kr. 1000,- frå Bymuseet, resten, ca. 1100,-  betalar historielaget.                

4.  ÅRSMØTE I NORD-TRØNDELAG HISTORIELAG.          
Årsmøtet er i Mosvika 19. november 2016. Hågen og Sveinung skal dit og tar med fleire om nokon treng skyss.          

 Aa. Bjørgum Øwre – ref.            

        

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>