Styremøte; 07/06-2016

 

 

UTSKRIFT AV MØTEBOK

Styremøte i Levanger historielag tysdag 7. juni 2016 klokka 18.00 .Forfall: Hallbjørn Holberg, Sveinung Havik og Gaute Ulvik Haugan. Underskrivne møtte. 

Før styremøtet var vi på vandring i Kjønstadmarka – som er under utbygging – med Liv Kjønstad som vegvisar og inspirerande forteljar. Ei triveleg vandring! Styremøtet hadde vi etter vandringa, ca. kl. 20.00, på Nesset, hos Hans Hallan.Hågen Ven ønskte vel møtt. Innkalling og sakliste godkjend.

SAKER: 

  1. ORIENTERING. a. «Jamt-trønderske historiedagar».     Program med info om påmelding m.m. utdelt. Blir lagt ut på heimesida til laget.  b. Invitasjon frå HLF om tur 15/6-16 til Selbu, men p.g.a. lite påmelding er turen avlyst. 
  2. ØKONOMI SETT I HØVE TIL BUDSJETT v/kasserar Øystein Haugan. Ein oversiktleg presentasjon vart gitt og vi ligg godt an i høve til budsjett.
  3.  SAKER TIL NESTE MØTE.          a. Minnestein på Ytterøya.         
    VEDTAK: Vi tar styremøtet i august på Ytterøya (Forberg) og tar turen gjennom Berghaugen og finn plass til steinen.  Randi Berget undersøker med Gaute Evenhus om pris, praktiske ting m.v.          
  4. ARRANGEMENT FRAMOVER.           a. Kurs for historielagets medlemmar, gardbrukarar/bondelaget ved  hjelp av arkelog, riksantikvar m.v. (Sjå vedlegg frå Gaute Ulvik Haugan).          
    VEDTAK:
    Ein prøver å få til eit møte i oktober.  Hågen tar kontakt med Gaute som følgjer opp saka. b. Tur til kulturstien ved Høyslo, framlegg 4. september.           VEDTAK: Hans Hallan følgjer opp saka.          
  5. EVENTUELT. Randi orienterte om årboka. Godt og variert stoff, men ein manglar enno frå Ekne.

    Åshild Bjørgum Øwre ref.(sign),Hågen Ven (sign), Randi Berget (sign.), Hans Hallan (sign), Hilde Løvås (sign), Øystein Haugan (sign).       

     

    Møteboka  godkjend.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *