Styremøte; 02/05-16

 

UTSKRIFT AV MØTEBOK
Styremøte i Levanger historielag på biblioteket, Levanger, måndag 2. mai 2016 klokka 18.00 .Forfall: Hallbjørn Holberg. Underskrivne møtte. 

Hågen Ven ønskte vel møtt. Innkalling og sakliste godkjend. 

  1. ØKONOMI OG REKNESKAP.
    Orientering om utgifter etter årsmøtet. Orientering om utsending av medlemsblad vedlagt giro med kontingentkrav. Innbetalingsblankett blir lagt i årbøkene (verving).

  2. Orientering ved kasserar. Rekneskapsprogram ikkje innkjøpt enno.

     

  3. ORIENTERING OM MØTE I ARBEIDSUTVALET 19. april 2016. A. Referatet – som er innført i boka, lese opp. Gaute Ulvik Haugan orienterte om metallsøkarar. 
       
  4. ÅRBOK 2016 – INFO.          
    Randi Berget orienterte.  Arbeidet er i rute og heile kommunen blir dekt når det gjeld stoff.
  5. VANDRING I KJØNSTADMARKA FØR UTBYGGING.          
    Dok.: Tilbod frå Liv Kjønstad.          
    VEDTAK:
    Vi vil gjerne ta turen og føreslår for Liv Kjønstad           7. juni kl. 18.00. Vi tar avslutning med mat (evt. Backlund).
  6. B. Møte med leiar i Norden, Levanger, Sylvi Fagerheim, om fellesmøte 11/5-2016 kl. 18.00 på biblioteket. Styret tar med kaffe. Referatet lese opp. Gaute skriv litt til «Face-book»-sida, får evt. T.B. til å skrive litt.
  7. GAMLE ÅRBØKER. Vi har ein god del årbøker på lager, ca. 1000 stk. på Brusve i tillegg til dei vi har på Hegle. Kva gjer vi?
    VEDTAK:
    Ein tar kontakt med skolekontoret for å høre om det er aktuelt med (gåve) klassesett til skolar. Åshild gjer dette.
  8. STYREMØTA. Styremøta, som har vore 1. må/mnd., blir flytta til 1. ty. kvar månad. Dette for å få med  Gaute U. H. som representant for metallsøkarane i styret. (Formelt val på/til årsmøtet).         

    Møteboka  godkjend


    Åshild Bjørgum Øwre ref.(sign),Hågen Ven (sign),Sveinung Havik (sign.) Randi Berget (sign.), Hans Hallan (sign), Hilde Løvås (sign), Øystein Haugan (sign). Gaute Ulvik Haugan forlot møtet etter sak 4.  

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>