Med historielaget på vandring i Frol

Ein gammal ferdaveg går frå Øvre Rinnan opp til Liangardane i Okkenhaug. Pilegrimsleia gjekk ganske sikkert også her utan at ein har funne spor i marka som kan knyttast til denne spesielle trafikken.
Vegleia går i tørrlagde område, og har derfor vore den sannsynlege trafikkåra gjennom uminnelege tider.

Arve Flatås, busett i grenda gjennom heile sitt liv, loste 33 historieinteresserte frå Levanger gjennom området ved å ta for seg busettinga som ligg inn mot ferdavegen.

Følgjet starta frå storgarden i bygda, Øvre Rinnan. Røstad-slekta kom til gards da eigedommen var kjøpt frå Jelstrup i 1832. Som nær nabo til Rinnelva, såg eigarane verdiane som låg i rennande vatn. Stamnar vart bygde for å regulere vatnet, som dermed kunne nyttast til sagbruk og kraftverk. Verket produserte likestrøm. Ottar Røstad, eigaren av garden i dag, fortalde at verket vart nedlagt i 1955, og produserte strøm for 30 abonnentar. Han fortalde vidare at han i desse dagar har sendt inn søknad om å få byggje eit nytt kraftverk. Tidane endrar seg. Vi er inne i ein ny småkraftsæra.

I dag driv Røstad med korn og gris på garden. For dei som ikkje er så landsbruksinteresserte, er generasjonane på garden mest kjende som framifrå musikarar, langt utover sitt nærmiljø.

Å gå igjennom kulturlandskapet i Nordbygda er som å bla i norsk bygdehistorie. Arve Flatås gjorde greie for bruksdelinga som har skjedd opp gjennom tidene. Vi fekk etter kvart mange småbruk og husmannsplassar, der brukarane utvida kulturlandskapet, mellom anna med utmarksbeite. I dag er ringen slutta. Jorda blir lagt til eller leigd ut til større bruk. Det som ikkje ligg rasjonelt til, tar skogen tilbake i digre jafs.

Mange i grenda var og er svært interesserte i jakt, fiske og friluftsliv. Frolfjellet kom til å stå bygdefolket svært nært, mellom anna gjennom seterdrift og seinare hytteliv. Ja, enkelte nøgde seg ikkje med nærområdet som tumleplass. Sverre Røstad frå Øvre Rinnan, seinare Reitan, var til og med deltakar i Helge Ingstads ekspedisjon til Grønland i 1930-åra.

Grenda har hatt Rinnleiret ekserplass i sin midte i fleire hundre år. Vår vandring gjekk gjennom eit område der dragonregimentet i si tid hadde tre skytebanar. At dei var flittig brukt også av sivile, tydar alt på. P.A. Røstad vart nemleg skyttarkonge i 1902.

Lian austre var siste stopp på vår vandring. Noverande eigar er Ingrid Lian. Driftmåten i dag er ku/gris, gras og korn. Monrad Lian Røstad er eigar av nabogarden Lian vestre. Begge familiane ættar frå Jon Pedersen som kom frå Hegra i 1826.

Arve Flatås fortalde at på ei tid var det to gutar på den eine garden og to jenter på den andre. Her var det kort friarveg, så familielivet vart ordna på framifrå vis på begge gardane.

På Rinnan starta vi med å nemne at musikklivet blomstra på garden. Dersom vi utvidar kulturomgrepet til å gjelde sport og idrett, og det skal ein gjere, så står Lianfolket sterkt innan kultur. Skibrørne Monrad, Alf, Didrik og Olaf var landskjende i si tid, og kongepokal er å finne i premiesamlinga. det var hardføre karar, ikkje minst den yngste broren Georg, som var norsk meister i tungvektsboksning,

Storkjelkaffen, som var kokt av Sigrun Moe, smakte godt og takkens ord gjekk frå ein svært interessert vandringsflokk til den pensjonerte rektoren.

H. Bakken

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *