Årsmøte 26/2-2015

Årsmøte i Levanger Historielag 26/2-2015, kl. 1800. Stad: Hegle Grendehus.
Leiar Johannes Vongraven ønskte vel møtt.

1. Innkalling og sakliste godkjend.
    Innkalling a – gjennom LevangerAvisa og mail.
    Sakliste   b – i henhold til sakliste.

2. Konstituering
    a) Val av møteleiar: Johannes Vongraven
    b) Val av sekretær: Åshild Bjørgum Øwre

3. Årsmelding (vedlegg)
    Johannes Vongraven gjekk gjennom årsmeldinga som var utlagd på førehand og
    var utdelt på årsmøtet. Det vart opna for spørsmål og/eller kommentarar.
    Framlegg frå årsmøtet om ei tilføying vedr. tilføying at – Levanger Historielag
    er andelseigar i Roknesvollen.
VEDTAK: Med tilføyinga vedr. Roknesvollen vart årsmeldinga samrøystes godkjend.

4. Rekneskap med revisjonsrapport.
    Rekneskapen vart utdelt og den vart framlagt av kasserar Martin Granås. Det vart
    åpna for spørsmål. Møteleiar las revisjonsrapporten; «Rekneskapen revidert og funne
    i orden».
VEDTAK: Rekneskapen godkjend.

5. Arbeidsplan – 2015 (vedlegg)
    Framlegg til arbeidsplan utdelt og gjennomgått. Framlegg om tilføying av «medlems-
    møte» samstemt vedteke.

6. Budsjett (vedlegg)
    Budsjettframlegg delt ut – lagt fram av kasserar.
VEDTAK: Budsjettframlegget samstemt godkjend.

7. Kontingent.
    Framlegg frå styret:
    Kr. 150,- per person.  kr. 200,- pr. par.  kr. 250,- pr. gruppe.
VEDTATT: samstemt.

Kaff kl. 1915….

8. Innkomne forslag. Ingen

9. Valg. Sjå vedtatt med akklamasjon.

Etter årsmøtet overrekte leiar blomster til Jon Steinar Munkeby og Birgitt Reistad for det store slektshistoriske hjelpearbeidet dei gjer for historielaget.

Gunnhild Sundal  Hågen Ven  Randi Berget  Martin Granås  Johs. Vongraven  Helge Bakken  Ola Indgaard  Sveinung Havik  Sigrun Skauge  Per Amdal  Tor Falch  Jon Steinar Munkeby  Jon Oddvar Skei
Å. Bjørgum Øwre, ref.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>