Styremøte; 05.12.2016

UTSKRIFT AV MØTEBOK

Styremøte i Levanger historielag måndag 5. desember 2016 klokka 18.00  på Levanger bibliotek.

Alle møtte. Til stades: Øystein Haugan, Gaute Ulvik Haugan, Hilde Løvås, Sveinung Havik, Hågen Ven, Hallbjørn Holberg, Randi Berget, Hans Hallan og Åshild Bjørgum Øwre. 

SAKER:

  1. MINNETAVLER – VEDLIKEHALDSANSVAR
    Pr. i dag har vi tre plassar: -Kirkestad på Hallan – ansv. Hans Hallan. -Kirkestad på Reistad – -Kirkestad i Røvika –    ansv. Åshild Bjørgum Øwre. Vedr. P. 2, Reistad: Sveinung Havik kontaktar  grunneigar Magne Reistad. Det vart diskutert om ein evt. skal ha ein artikkel om dei gamle kyrkjestadene. Vi tar dette opp seinare. Ein tur for å sjå kyrkjestadene var det interesse for. Vi prøver dette til neste år. 
     
     
            
  2.  VALKOMITEEN – arbeid før årsmøtet.          
    VEDTAK:   Sekretæren skriv/tar kontakt med valnemnda som er  (etter Ketil Iversen går ut): Jon Oddvar Skei og Anna Dahl.  Tredje person skal nemnast opp av styret.   Johannes Vongraven blir spurd om han er villig til å gå inn  i valnemnda etter Ketil Iversen. Hågen Ven tar kontakt med han.

     3.  LAGERPLASS/ARKIV for historielaget.          
         Orientering v/Sveinung Havik.  Sveinung har undersøkt i det gamle   
         heradshuset for Frol der vi evt. kan få disponere eit par rom. Fotomuseet    
         disponerer pr. i dag           huset, og vi må ta opp med dei ein eventuell
         kostnad.          
         VEDTAK:
Ein arbeider vidare med saka. Sveinung gjer dette.                 

4.     ÅRBOKSALET          
        Orientering v/kasserar.  Pr. i dag er det selt bøker for vel 60.000,- kr.              
        Tilbakemeldingane frå seljarane er positive. Melding av boka i avisa   
        er ønskjeleg, og Leif Hovland blir spurd.  Randi ansvarleg.

  5.    ØKONOMI         
         Rekning frå trykkeriet er ikkje kome enno, så ein manglar fullstendig
         oversikt. Sjå elles p. 4.

   6    EVENTUELT. a. Viggo Ballo har søkt midlar for eventuelt å restaurere
        kalkomnane på Nesset. Han ønskjer samarbeid med Bymuseet og
       Historielaget. Positivt!  Vi inviterer Viggo Ballo til eit styremøte
              

           Møteboka godkjendt..

          Aa. Bjørgum Øwre – ref. (s), Hågen Ven (s), Øystein Haugan (s),
          Hallbjørn Holberg (s), Randi Berget (s), Gaute Ulvik Haugan (s),
          Sveinung Havik (s), Hans Hallan (s), Hilde Løvås (s).
      

 

Styremøte; 01.11.2016

 

 

UTSKRIFT AV MØTEBOK
Styremøte i Levanger historielag tysdag 1. november 2016 klokka 18.00  på Levanger bibliotek. 

Forfall: Hans Hallan Til stades: Øystein Haugan, Gaute Ulvik Haugan, Hilde Løvås,  Sveinung Havik, Hågen Ven, Hallbjørn Holberg, Randi Berget og Åshild Bjørgum Øwre.  

SAKER: 
1.
ÅRBOKA.
Redaktør Asbjørn Tingstad møtte under denne saka. Styret fekk boka for 2016 utdelt, og vi såg gjennom boka som såg fin ut. Lanseringsmøtet blir på biblioteket tysdag 8. november klokka 18.00. Trønderavisa og «Innherred» blir inviterte. Representant frå redaksjonen tek kontakt med avisene og bidragsytarane (Asbjørn). Vi set inn annonse i «Innherred» og TA laurdag 5. november (Åshild) Gaute lagar innstikk til medlemsbladet/og til bruk ved sal av boka. Salgsmåtar vart diskutert. Kvar kjenner si oppgåve. Godtgjering til redaksjonsnemnda. Antall bøker blir redusert, hovudredaktør bør ha fleire enn dei andre medlemmane (5 og 2?) Styret inviterer nemnda med ut på julemiddag etter neste styremøte.
  
2. MELDINGSBLADET.        
Sveinung presenterte utkast til bladet. Dette skal ut før boka. Det blir trykt 350 eks. Lett å få til fleire om det trengs. Nye medlemmar får dette saman med siste årboka.   
 
3.  ØKONOMI.          
Vi har kr. 53020,27 på brukskontoen vår. Utgiftene vedr. Kulturminnedagen 13/9-16 vart lagt fram, totalt ca 3100 kr. (Sveinung og Åshild gjennomførte dagen og         representerte dei samarbeidande laga. Kasserar betaler samla utlegg. Kr. 1000,- blir kravd inn frå fortidsminneforeninga, kr. 1000,- frå Bymuseet, resten, ca. 1100,-  betalar historielaget.                

4.  ÅRSMØTE I NORD-TRØNDELAG HISTORIELAG.          
Årsmøtet er i Mosvika 19. november 2016. Hågen og Sveinung skal dit og tar med fleire om nokon treng skyss.          

 Aa. Bjørgum Øwre – ref.            

        

Styremøte; 04.10.2016

 

 

Styremøte 4. oktober 2016 på Levanger bibliotek
Tilstede:          Øystein Haugan, Hallbjørn Holberg, Hans Hallan, Sveinung Havik, Hågen Ven
Forfall:            Åshild Bjørgum Øwre, Hilde Løvås, Randi Berget, Gaute Haugan
Referent:        Hågen Ven

Sak 1 Årboka
Årboka ventes ferdig fra trykkeriet 15. november.
Prisen på boka bestemt til kr. 250,-.
Enighet om at vi prøver å få til en brosjyre med reklame for laget som kan legges ved ved salg av boka. Hågen kontakter Gaute med tanke på ideer og bistand. Vi satser også på å få ferdig medlemsblad nr. 2 med tanke på at det kan deles ut til årbokkjøpere.
Møte i salgsnemnda bestemt til 17. oktober.

Sak 2 Medlemsverving
I forste omgang satser vi på brosjyre, se sak 1. Vi trenger også noe som kan brukes når vi står på stand for å selge bøker eller reklamere for laget. Hågen tar også dette opp med Gaute.

 Sak 3 Søknad om økonomisk støtte til bok
Vi har mottatt søknad om støtte til bokprosjekt om handverk i det nordenfjellske gjennom 1000 år fra Jon Suul. Verket vil bl.a. inneholde ca. 80-85 sider med stoff om Levanger. Stemningen i møtet for eventuell støtte var positiv da Levanger har en rik håndverkskultur. Enighet om at dette diskuteres på et senere møte da det må inn i neste års budsjett hvis det skal være aktuelt. Hågen sender foreløpig svar til Suul. Hågen sender også søknaden til styremedlemmene.

Sak 4 Meldingsblad
Tema for innhold diskutert og Sveinung fikk en del innspill. Bladet må være ferdig først i november slik at det kan sendes ut før årboka er ferdig.

Sak 5 Kulturminnedagen
Arrangementet ble gjennomført 13. september i samarbeid med Levanger bymuseum og Fortidsminneforeningen. Ellev Stensli fortalte om restaurering av gamle vindu og Hilde Røstad om restaurering av Sjøgata 42. Ca. 25 deltakere. Det var på forhånd avtalt at utgiftene til arrangementet deles likt mellom de tre lagene.

 Sak 6 Økonomi
Øystein og Hilde har ringt opp dem som ikke har betalt kontingenten. Dette resulterte i at noen får tilsendt nytt innbetalingskort og noen vil ikke være medlem lenger av forskjellige årsaker. Et viktig arbeid er gjort for å få «vasket» medlemslista. Vi har nå ca. 200 medlemmer.
Det mangler e-postadresser på mange medlemmer. Øystein sender lista til styremedlemmene med tanke på at noen kanskje har slike adresser i andre sammenhenger. E-post kan være greit når vi vil gå ut med informasjon til medlemmene. En annen måte kan være å bruke masseutsendelse på sms; vi har mobilnr. til de fleste medlemmene.

Sak 7 Arkiv
Vi bør få oss et bedre arkiv og boklager enn det vi har på Hegle. Vi har mistet lagerplass i garasjen på biblioteket og på Hegle er det trangt og veldig støvet på grunn av utetthet mot gruslagte arealer utomhus. Øystein sjekker et par alternativer som ble diskutert. 

Sak 8 Vedlikehold av minnesteder
Saken utsatt til et senere møte.

 

 

 

Styremøte; 07.09.2016

UTSKRIFT AV MØTEBOK

Styremøte i Levanger historielag tysdag 7. september 2016 klokka 18.00  på Levanger bibliotek. 

Forfall: Hallbjørn Holberg og Randi Berget. Til stades: Øystein Haugan, Gaute Ulvik Haugan, Hilde Løvås, Hans Hallan, Sveinung Havik, Hågen Ven og Åshild Bjørgum Øwre.

SAKER: 

  1. REFERAT FRÅ SISTE MØTE.    
    2. KULTURMINNEDAGEN.
       Orientering v/Åshild. Det har vore møte mellom Levanger historielag, Levanger bymuseum og Fortidsminneforeninga. Desse tre laga vil, i år som i fjor, arrangere dagen saman. Arr. blir:            Tysdag 13. september-16,  kl. 17.00 i Kirkegt. 11 (gamle byskolen, no fotomuseum)           
    Tema: Om restaurering av gamle hus, Sjøgt. 42-A v/Hilde Røstad og Ellev Stensli.
         3.  METALLSØKING  A. Informasjonsmøte til/med grunn-eigarar.  Under denne saka vart tanken om registrering av funn, reist.           Registreringa burde vera ei liste med funn/gjenstand, tid, stad, finnar. Positivt mottatt og vi kjem tilbake til saka.      4.  JARNVINNEPROSJEKTET – BLÆSTRING. Dok.: Mail med orientering om «Jarnvinneprosjektet» og invitasjon til Levanger historielag frå Skogn Rotary v/Asbjørn Nordberg. Fagleg ansvarleg: Professor/arkeolog Lars Stenvik. Tid og stad: Høyslogruva 4. oktober-2016.          5.  ØKONOMI  Info av kasserar Øystein Haugan. Ca. 45 av medlemmane har ikkje betalt kontingenten. Det viser seg   at mange ikkje har mottatt kravet, så postsendinga er eit problem. Vi tar saka opp i samband med medlemsverving på neste møte.

  2.  Førebels inga avklaring.           B. Leiting denne hausten. Positivt svar frå Fiskvik i «Grenne-grenda» i Åsen. Leiting på garden hans etter skurdonna er avslutta.
  3. Utstillingar: Fotoutstilling og funn frå metallsøking. Servering: Kaffe og kringle.  Kunngjering: Annonse i «Innherred» (Sveinung). Leiing av dagen: Sveinung og Åshild.  Kostnad: Utgiftsdeling mellom dei samarbeidande laga.  

  4. Rapport frå skriftstyret. Randi Berget sender ein e-post til medlemmane. B. Framlegg om eigen e-postadresse for historielaget. Vedtatt. Gaute Ulvik Haugan ordnar det praktiske.            

  1. JÄMT-TRØDSKE HISTORIEDAGAR. Utsett. B. BILDEREDAKTØR FOR BOK OM FESTIVITETEN.      Spørsmål frå biblioteksjef Vidar Lund. Sak frå førre møtet.  Sveinung tar denne.

  2. MEDLEMSVERVING Saka vart diskutert og ho blir tatt opp på neste møte.8.  SALSNEMND      Desse vart oppnemnd: Randi Berget, leiar, Øystein Haugan og  Hågen Ven.

    Åshild Bjørgum Øwre ref.    

Styremøte; 02/08-2016

UTSKRIFT AV MØTEBOK
Styremøte i Levanger historielag tysdag 2. august 2016 klokka 17.30 på Ytterøya. 

Forfall: Hans Hallan, Hallbjørn Holberg, Sveinung Havik og Gaute Ulvik Haugan. Underskrivne møtte. 

Møtet starta med ein tur i Berghaugen med føremål å finna ein høveleg plass for minnestein over dei 5 ungdomane som miste livet på heimtur frå Levanger i januar 1787. Turen guida av Åshild. 

Etter vandringa heldt møtet fram på Forberg:

SAKER: 

  1. MINNESTEIN I BERGHAUGEN over 5 omkomne 1778. Randi Berget har undersøkt med fagperson om pris og reglar for oppsetting osv.      2. RAPPORT FRÅ SKRIFTSTYRET.            Randi orienterte.            Det er god tilgang på stoff.

     

         4.  ØKONOMI.           Orientering ved kasserar.            132 familie- og enkeltmedlemmar har betalt kontingent, i alt 150 stk.,            ca. 50 har ikkje betalt. Høfleg påminding er sendt.            Vi har vel 50.000,- kr. i banken, alle rekningar er betalte.                 

  2.      3.  FRAMLEGG OM E-POSTADRESSE FOR LEVANGER           HISTORIELAG. (Utdelt)           Saka tatt opp på årsmøtet av Hogne Heir. (Sjå neste side).         VEDTAK: Ein støttar tanken og bed Gaute Ulvik Haugan ordne            (Samr.)    dette. Om han ikkje ser råd for det, kjem vi tilbake til saka.                   
  3.      VEDTAK: Åshild lagar framlegg til tekst som skal skrivast på plate      (Samr.)       som skal festas på stein. Ein arbeider med å prøve      å finne høveleg stein.          
     
  1. RYDDING PÅ BRUSVE OG GARASJEN PÅ BIBLIOTEKET. Ryddinga gjeld bøker. Mange bøker er kasta. Restopplaget er samla på Hegle.
  2. BOKPROSJEKT-BILDEREDAKTØR FOR BOK OM FESTIVITETEN. Spørsmål frå biblioteksjef Vidar Lund. Eit par namn vart nemnd. VEDTAK: Hågen rettar førespurnad til dei aktuelle «hjelparane» (Samr.)
  3. VEDLIKEHALD AV MINNESMERKE OPPSETT AV HISTORIELAGET. Det er viktig at vedlikehaldet blir følgd opp. Vi tar saka opp på eit seinare møte.

     

    Åshild Bjørgum Øwre ref.(sign),Hågen Ven (sign), Randi Berget (sign.), Hilde Løvås (sign), Øystein Haugan (sign).  

  4. Møteboka  godkjend.

Styremøte; 07/06-2016

 

 

UTSKRIFT AV MØTEBOK

Styremøte i Levanger historielag tysdag 7. juni 2016 klokka 18.00 .Forfall: Hallbjørn Holberg, Sveinung Havik og Gaute Ulvik Haugan. Underskrivne møtte. 

Før styremøtet var vi på vandring i Kjønstadmarka – som er under utbygging – med Liv Kjønstad som vegvisar og inspirerande forteljar. Ei triveleg vandring! Styremøtet hadde vi etter vandringa, ca. kl. 20.00, på Nesset, hos Hans Hallan.Hågen Ven ønskte vel møtt. Innkalling og sakliste godkjend.

SAKER: 

  1. ORIENTERING. a. «Jamt-trønderske historiedagar».     Program med info om påmelding m.m. utdelt. Blir lagt ut på heimesida til laget.  b. Invitasjon frå HLF om tur 15/6-16 til Selbu, men p.g.a. lite påmelding er turen avlyst. 
  2. ØKONOMI SETT I HØVE TIL BUDSJETT v/kasserar Øystein Haugan. Ein oversiktleg presentasjon vart gitt og vi ligg godt an i høve til budsjett.
  3.  SAKER TIL NESTE MØTE.          a. Minnestein på Ytterøya.         
    VEDTAK: Vi tar styremøtet i august på Ytterøya (Forberg) og tar turen gjennom Berghaugen og finn plass til steinen.  Randi Berget undersøker med Gaute Evenhus om pris, praktiske ting m.v.          
  4. ARRANGEMENT FRAMOVER.           a. Kurs for historielagets medlemmar, gardbrukarar/bondelaget ved  hjelp av arkelog, riksantikvar m.v. (Sjå vedlegg frå Gaute Ulvik Haugan).          
    VEDTAK:
    Ein prøver å få til eit møte i oktober.  Hågen tar kontakt med Gaute som følgjer opp saka. b. Tur til kulturstien ved Høyslo, framlegg 4. september.           VEDTAK: Hans Hallan følgjer opp saka.          
  5. EVENTUELT. Randi orienterte om årboka. Godt og variert stoff, men ein manglar enno frå Ekne.

    Åshild Bjørgum Øwre ref.(sign),Hågen Ven (sign), Randi Berget (sign.), Hans Hallan (sign), Hilde Løvås (sign), Øystein Haugan (sign).       

     

    Møteboka  godkjend.

Styremøte; 02/05-16

 

UTSKRIFT AV MØTEBOK
Styremøte i Levanger historielag på biblioteket, Levanger, måndag 2. mai 2016 klokka 18.00 .Forfall: Hallbjørn Holberg. Underskrivne møtte. 

Hågen Ven ønskte vel møtt. Innkalling og sakliste godkjend. 

  1. ØKONOMI OG REKNESKAP.
    Orientering om utgifter etter årsmøtet. Orientering om utsending av medlemsblad vedlagt giro med kontingentkrav. Innbetalingsblankett blir lagt i årbøkene (verving).

  2. Orientering ved kasserar. Rekneskapsprogram ikkje innkjøpt enno.

     

  3. ORIENTERING OM MØTE I ARBEIDSUTVALET 19. april 2016. A. Referatet – som er innført i boka, lese opp. Gaute Ulvik Haugan orienterte om metallsøkarar. 
       
  4. ÅRBOK 2016 – INFO.          
    Randi Berget orienterte.  Arbeidet er i rute og heile kommunen blir dekt når det gjeld stoff.
  5. VANDRING I KJØNSTADMARKA FØR UTBYGGING.          
    Dok.: Tilbod frå Liv Kjønstad.          
    VEDTAK:
    Vi vil gjerne ta turen og føreslår for Liv Kjønstad           7. juni kl. 18.00. Vi tar avslutning med mat (evt. Backlund).
  6. B. Møte med leiar i Norden, Levanger, Sylvi Fagerheim, om fellesmøte 11/5-2016 kl. 18.00 på biblioteket. Styret tar med kaffe. Referatet lese opp. Gaute skriv litt til «Face-book»-sida, får evt. T.B. til å skrive litt.
  7. GAMLE ÅRBØKER. Vi har ein god del årbøker på lager, ca. 1000 stk. på Brusve i tillegg til dei vi har på Hegle. Kva gjer vi?
    VEDTAK:
    Ein tar kontakt med skolekontoret for å høre om det er aktuelt med (gåve) klassesett til skolar. Åshild gjer dette.
  8. STYREMØTA. Styremøta, som har vore 1. må/mnd., blir flytta til 1. ty. kvar månad. Dette for å få med  Gaute U. H. som representant for metallsøkarane i styret. (Formelt val på/til årsmøtet).         

    Møteboka  godkjend


    Åshild Bjørgum Øwre ref.(sign),Hågen Ven (sign),Sveinung Havik (sign.) Randi Berget (sign.), Hans Hallan (sign), Hilde Løvås (sign), Øystein Haugan (sign). Gaute Ulvik Haugan forlot møtet etter sak 4.  

Styremøte 08/02-16

Styremøte på Levanger Bibliotek kl. 1800.
Martin Granås kom ca. kl. 1830. Underskrivne møtte.

SAK 20: Leseapparat
Avtalen vi har med Lev. Bibliotek går mot slutten.
VEDTAK: Vi går inn for framlegget frå Vidar Lund.
Vedlegget: 5-årsavtalen om leige av mikrofilmapparat går mot slutten. Sidan Levanger-Avisa og Amtstina ikkje er digitalisert enno, må vi framleis ha apparat. Eg har høyrt med Saxvik, dei seier vi kan kjøpa ut apparatet for kr. 7.432,-.
Så vidt eg har skjøna har Levanger Historielag betalt halvparten av leiga, og egvonar at de kan betale halvparten av utkjøpet og, dvs. kr. 3.716,-. Fint om derkan ta det på fyrstkomande styremøte og gje melding om vedtaket.

Beste helsing
Vidar Lund
Biblioteksjef

SAK 21: Årsmeldinga
Dok: Framlegg til årsmelding.
Det framlagde forslaget vart gjennomgått.
VEDTAK: Årsmelding med nødvendig endringer blir lagt framfor vedtak på årsmøtet.

SAK 22: Rekneskap  SAK 24: Budsjett
VEDTAK: Gjennomgang av rekneskapen blir utsatt.
Vi møtes kl. 1700 på Hegle 3. mars. Rekneskapen blir utsendt på førehand.
Same vedtak gjeld og budsjettet.

SAK 25: Vedtekter/Vedtektsendringer.
Styret har tatt opp saka om gjennomgang evt. endringar/tilføyingar i gjeldande vedtekter.
Liv Kjønstad og Åshild Bjørgum Øwre vart valt til å gå igjennom vedtekten. Framlegget samt begrunning vart delt ut og gjennomgått.
VEDTAK: Det framlagte forslaget m  ed endring av eit par ord blir lagt fram for årsmøtet til vedtak.

SAK 26: Kontingent.
VEDTAK:
Styret foreslår at kontingenten blir som før:
kr. 150,- for einskildpersonar
»    200,- »    ektepar
»    250,- »    grupper

Møteboka opplese og godkjend.

Aa. Bjørgum Øwre, ref.

Johs. Vongraven, Randi Berget, Hågen Ven, Hilde Løvås, Hallbjørn Berget, Liv Sofie Kjønstad, Martin Granås og Sveinung Havik.